Klikk her for å komme til Sunnfjord Drift's nettsider Krokane Bydelsytval Klikk her for å komme til Sunnfjord Drift's nettsider Krokane Bydelsytval E-post Kontaktinformasjon
      

   
Velkommen til Sunnfjord Drift A/S.

Sunnfjord Drift A/S, ein kommersiell samarbeidspartnar lokalt og regionalt.

Selskapet sitt formål er sal av tenester og produkt til offentleg og privat verksemd, lokalt og regionalt. Selskapet skal skape verdiar og arbeidsplassar, lokalt og regionalt. Selskapet vart skipa i 2000, med ein aksjekapital på Kr. 600.000.- Eigarselskapa har driftshistorikk tilbake til 1982 innanfor delar av dagens tenestetilbod. Sunnfjord Drift vart skipa i hovudsak med personell som er tilsett frå andre delar av organisasjonen, slik at ein har god erfaring innanfor dei ulike driftseiningane til selskapet.

Hausten 2000 kjøpte selskapet firma R. Berg AS, og overførte aktiviteten i dette selskapet inn i morselskapet. Dette selskapet utførte oljedistribusjon i kommunane Flora og Bremanger, samt personalutleige for Statoil Norge AS, på Fjord Base i Florø. Sunnfjord Drift AS har i den seinare tid, utvida oljedistribusjonen for Statoil Norge AS, til å gjelde Sunnfjord og Indre/ytre Sogn.

Litt om måla for selskapet:

  • Være ein aktiv medspelar og leverandør av tenester innan avfallshandtering, med til dømes konsulenttenester og tilrettelegging av løysingar for den einskilde kunde, også sortering, innsamling, gjenbruk m.m.
  • Transport, (logistikkløysingar) lokalt og regionalt, til dømes distribusjon, dør til dør, varehotell o.l
  • Tilby personalutleige på kort og langtidsengasjement.
  • Bli ein viktig samarbeidspartnar for kommunar, og eigedomsselskap, då med serskilt bistand med utvikling og utføring av drifts- og vedlikehaldsoppgåver.
  • Styrke tilbodet av tekniske tenester lokalt og regionalt, som til dømes gatefeiing - fasadevask - spyling – stell av grøntanlegg, samt ulike typar vedlikehaldsoppgåver o.l.
  • Forsette utviklinga med skreddarsydde Pakkeløysingar for kundar i Sogn og Fjordane i samarbeid med BB-gruppen.
Selskapet driv i dag med hovudvekt på eigedomsvedlikehald, renovasjon, transport, gatefeiing, oljedistribusjon, bunkring, vaktmeistertenester, gartnartenester m.m

   
    09.10.09
    Sunnfjord Drift AS, har frå 01.10.09 inngått ny kontrakt med Statoil Norge AS. Avtale inneber at Sunnfjord Drift AS vert anleggsoperatør for Statoil Noreg sitt tankanlegg på Fjord base. Tenesta består mellom anna i mottak av tankbåtar og bunkring av Supplybåtar over kai på Fjord base. I tillegg gjeld de også handtering av stykkgods til/frå lager, og drift av bilfylleplass på tankanlegget. Avtala gjeld for 3 år med opsjon på ytterlegare forlenging.

    01.01.09
    Sunnfjord Drift AS har sett i drift ny tankbil i tenesta for Statoil Norge AS, Bilen er ein Scania 124, med siste nye teknologi for tankpåbygg, ein 18 m3 Bilcon tank. Bilen skal gå i varmemarknaden i Sunnfjord, og til større bedriftskundar i heile regionen. Bilen vil ha ein tilhengar på 20 m3.

    09.02.06
    Last ned brosjyre for Nærtenesten.
    Klikk her (PDF-fil, 447 kb)

 


Websider utvikla av VestDesign - Florø